Drammen Illustrert

Aass Bryggeri

Uke
42
Aass Bryggeri

Etter å ha budd i fire av Noregs største byar (Oslo, Bergen, Kristiansand og Drammen), og opplevd alle fire byane sine glade ølkulturar på veldig nært hald, kan eg fastslå at Drammen sin kjærleik for sin lokale øl er den sterkaste og mest synlege eg har sett.

Då jeg flytta til Drammen hadde jeg aldri vore der før, og noko av det fyrste eg ser er eit stort slott ved elvebredden. Jeg vart imponert over det store eventyrbygget som låg i fullt lys i kveldsmørket – eg såg litt dårlig, og klarte derfor ikkje lese noko som helst av tekst, og var i fyrste augekast veldig sikker på at dette var eit bygg jeg ikkje kom til å få noko særleg med å gjere i mine komande år i byen som student med begrensa midlar – operaen eller teateret, til dømes. Då eg etter kvart oppfatta at dette var bryggeriet, vart eg enno meir imponert. Eit slott av øl! Sidan øl som regel blir ein naturleg ingrediens i studie-kosthaldet har Aass glidd naturlig inn i mitt liv, og i mitt hjarte. Og øl er en ingrediens jeg meiner passar veldig godt til ein av de andre favoritt-ingrediensane i studietida mi, nemleg musikk. Det gjer godt for kropp og sjel å nyte god rock saman med god øl, noko jeg gjorde så ofte som mogleg i det veldig fornuftig plasserte nabobygget til høgskulen, Union Scene.

Det seiast at øl er verdas eldste drikk. Sjølv om nokon meiner det er fandens drikk, skal en ikkje leggje skjul på at drikkekultur og ølkultur i mange tilfelle både har skapt og fremdeles skapar fellesskap, glede og trivsel, og gode stunder, som det så vist seiast i Aass’ slagord. Sjenerte og innadvendte som mange av oss nordmenn er, burde vi kanskje vera glade for at me har sjangsen til å ta del i denne fellesskapen og desse gode stundene som den norske, av og til litt småharry drikkekulturen kan gje oss. Det gjeld berre å bruke ølen på riktig måte: kald, kanskje ikkje for ofte, men heller ikke for sjelden.


Vis Drammen Illustrert i et større kart